Mellom 1/2016

80 kr

Mellom 1-2016 har ein hovudbolk som tar for seg ulike sider ved omsetjing av teater. Edvard Hoem skriv om livet med Shakespeare, forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord om overteksting av performanceteater, Mellom har intervjua dramaturg og omsetjar Ola E. Bø, og vi trykker Oleg Bogajevs stykke Den russiske folkeposten i norsk omsetjing ved Marianne Lilleeng Walløe. I tillegg har vi ein bolk med tekstar av den franske forfattaren Édouard Louis, blant anna ein tekst skriven til Mellom om vanskane med å få omsett debutromanen sin til russisk.

Leiar: «Mellom tekst og scene» av Runa Kvalsund, Ida Hove Solberg og Marianne Lilleeng Walløe.

4 på lager

Om utgiveren:


Tidsskriftet Mellom er eit tidsskrift for omsett litteratur som kjem ut to gonger i året. Mellom trykker omsettingar og tekstar om omsetting i alle sjangrar, samt kritikk av omsett litteratur. Tidsskriftet vil utvide den omsette kanonen, løfte fram verdien som ligg i omsetting, og vise breidda i kva omsetting kan vere. Mellom ønsker å vere eit rom for ordskifte om korleis den omsette litteraturen både kan forme og bli forma av kulturelle strøymingar, tankegods og maktforhold.

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny