I årets siste utgåve av Prosa kan du lese om korleis ulike fagfolk opplever samarbeidet om ei bok-utgjeving. Vi rettar også søkelyset mot ulike sider av livet som frilansar i ein bransje som trass gode støtteordningar krev stor innsats og risikovilje frå sentrale fagfolk. Dette nummeret er det siste frå Merete Røsvik etter fem år i redaktørstolen. I leiaren takkar ho av med ein refleksjon om samspelet mellom individuelle og kollektive interesser og minner om at det større formålet med kulturpolitikken er kulturell verdi for folket.
Navigasjon