Prosa 2023-pakke

720 kr

Nr 5 2023
Sakprosa har også estetikk, og den kjem i mange former. I dette nummeret finn du eit knippe tekstar som både omtalar og viser eit spekter av personlege skrivestilar.

Nr 4 2023
Kunstig intelligens har vore det store temaet på kulturfeltet så langt i 2023. Prosa har difor fått velinformerte skribentar til å belyse både mogelegheiter og risiko ved å ta i bruk skapande kunstig intelligens i språkarbeidet.

Nr 3 2023
Årets tredje Prosa-nummer har «morsmål» som tema. Korleis handterer vi i dagens Noreg at mange grupper har ein annan språkleg og kulturell bakgrunn enn majoriteten? Vi presenterer også tre eldsjeler som på kvar sin måte har gjort ein innsats for å bevare eit truga språk.

Nr 2 2023
Prosas andre nummer i 2023 rettar merksemda mot den sentrale, demokratiske funksjonen REVISJON. Den etymologiske tydinga er å sjå på noko igjen, og omgrepet blir brukt om alt frå kontroll av rekneskap og statlege verksemder til oppdatering av tekst og nye måtar å forstå historia på. «Det er bare sjarlataner og idioter som vet og kan alt», skriv Simen Sætre i essayet om eit skrivearbeid som havarerte. Formuleringa, som stammar frå Anton Tsjekhov, kan vere god å ta med seg vidare i lesinga. Verda endrar seg raskt, og revisjonsprosessar er fortløpande oppfølging og reforhandling av kva standardar som skal gjelde.

Nr 1 2023
Årets første nummer av Prosa ser tilbake på sakprosaåret 2022. Her finn du essay om dei beste utgjevingane for vaksne og barn, ei lesing av forfattarskapen til Bjørn Olav Jahr og eit bokessay om korleis framveksten av ytre høgre-krefter utgjer ein fare for demokratiet. Vi ser også nærare på utviklinga med oppkjøp og samanslåingar i forlagsbransjen. I serien «Kampen for det frie ordet» skriv den iranske fribyforfattaren Asieh Amini om ein politisk motivert mordkampanje på diktarar og kulturpersonar som fann stad for nær tjuefem år sidan. Nummeret inneheld også intervju med debutant Andreas Outzen, bokmeldingar og debattinnlegg

Emner

Bidragsytere

10 på lager

Om utgiveren:


Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og oversatt sakprosa. Prosa ble opprettet i 1995 og kommer ut med 4 nummer fra og med 2024. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

prosa.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny