Norsk Barneblad 10/2023

69 kr

Natta er skummel for vi ser nesten ingenting. Før i tida hadde vi lite utelys og då var natta skikkeleg svart. Å vere mørkeredd er heilt naturleg. Når lyset kjem er det om oftast ingenting å vere redd for. Då ser vi kva alt er.
Liker du å bli skremt? Sånn på tull, altså. Mange av oss synest det er gøy å bli skremt når vi er trygge og veit at det ikkje er farleg eller på ekte. Berre tenk på halloween. Dei fleste har stor moro med tulleskremming på halloween. Men kvifor liker vi det?
Sjølv små beibiar ler av «titt-titt»-leiken som er ein slags skremmeleik. Hunden min, Arthur, har det skikkeleg gøy når vi gøymer oss og sprett fram og seier bø til han. Då hoppar han rundt som ein galning og veiftar vilt med halen.
Det er ikkje berre når vi er vakne vi kan bli skremt. Du har sikkert vakna opp av ein ekkel draum. Å drøyme nifst om natta er ein måte å øve på, fortel psykologane. Du kan øve deg på å møte situasjonar du er redd for. Det er smart. Så om noko du er redd for blir verkeleg, men det gjer det neppe, så er du forbereidd. Du har øvd. Dette fortel oss likevel ikkje kvifor vi let oss skremme for underhalding og moro. Kva trur du?
Viktig: Det er fullt lov å seie nei takk til nifse filmar eller bøker. Du er ikkje barnsleg eller feig om du ikkje vil bli skremt.

Bidragsytere

4 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny