Norsk Barneblad 02/2021

60 kr

Norsk Barneblad nummer 2 februar 2021 har vind som tema. I alle år har menneska lurt på kvar vinden kjem frå og korleis vi skal bruke han til noko nyttig. Lenge tenkte vi at det sikkert var gudar som styrte vinden, men no veit vi betre. Vindkraft er ein måte å utnytte vinden på, men dette er omstridt. Det kan du lese meir om på www.barneblad.no

I bladet forklarar vi mellom anna korleis ein vindturbin fungerer. I tillegg kan du lese eventyret om guten og vinden, og le gjerne av ein vits eller to.

Bidragsytere

Nana Rise-Lynum

16 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny